-
Julehjelp 2024
Strandvandring i Klepp
Andre etappe av «Strandvandring på Jæren 2024» gjekk frå Reve hamn til Friluftshuset på OrreRegnet valde å trekkja seg vekk under heile turen. I staden fekk me etter kvart sol og varme. Tjuefire personar gjekk i både lett og delvis noko tung sand litt over fire kilometer.
Ved bunkersen på Reve måtte me ta ein runde i inndynelandskapet. Aud Lise Rosland hadde laga kjekke, litt vanskelege spørsmål til oss. Me sat i graset og grubla. Det var utruleg kjekt og festleg. Mange av spørsmåla hadde ho gitt svaret på i 2023 då ho heldt eit innlegg for oss på same stranda.
I tillegg til flott innslag frå Aud Lise Rosland, fekk me ei uventa oppleving. Ei gruppe frå Reve Ornitologiske Stasjon dreiv med merking av fugl. Me fekk sitja tett ved dei. Ein fuglemerkar viste oss polarsniper, steinvendar og lappspove. Ved å fylgja eit oppsett gjerde, kom me tilbake til stranda og vandra sørover til mål.
Neste onsdag, 28. august, kan du bli med å vandra frå Orre friluftshus til Vik.
Del på:
-
Nytt program for vær lur opplev kunst og kultur
Aud og Turid har programmet klart for vær lur opplev kunst og kultur! Nå er det bare for deg å notere datoen og bli med på høstens kulturopplevelser.
-
Spørreundersøkelse Frivilligbørs i Klepp
Her er spørreundersøkelse for de som var med på Frivilligbørs i Klepp i 2023
-
93 Avtaler inngått på Frivilligbørs!
Fantastiske 93 avtaler ble inngått på verden første Friviligbørs som ble arrangert i Klepp i går . Sjekk alle avtaler som ble inngått her:
-
Påmeldte til Frivilligbørs
Dette er lag, organisasjoner, bedrifter og offentlige tjenester som nå har meldt seg på Frivilligbørs 17. oktober kl. 17.30 på Klepp Rådhus