Tirsdag 17 Oktober 2023
Kl. 17:30 - 19:30, Klepp rådhus
Frivilligbørs i Klepp - 17. oktober kl. 17.30 på Klepp rådhus
Er det noko de treng hjelp til? Eller er det noko de kan gjera for andre? På Frivilligbørsen kan du få og gje, utan å involvera pengar. Frivilligbørs er ein arena der lokale bedrifter, frivillige organisasjonar og offentlege verksemder kjem i saman for å hjelpa kvarandre og lokalmiljøet. Deltakarane presenterer sine ønsker og viser kva dei sjølv kan tilby.

På Frivilligbørsen skapar me nye idear, dannar nye lokale nettverk og opprettar konkrete samarbeidsavtalar. Børsen er også ein god plass for deg som ønsker å verta frivillig, for du vil møta mange organisasjonar som gjerne vil ha deg med på laget.

Børs uten pengar? Ja, det går fint! Deltakarane deler på ressursar som kunnskap, arbeidskraft, omsorg, relasjonar, materiell, utstyr, husrom og mykje meir. Ein kan avtala at begge partane får og gjer av kvarandre, eller ein kan avtala at berre den ene parten gjer til den andre.

Frivilligbørs Klepp er ein møteplass og er ikkje part i dei avtalane som blir inngått. Deltakarane følger sjølv opp avtalane med kvarandre.

Kva ressursar kan du finna på Frivilligbørsen?
· Kloke hovud
· Nyttige never
· Varme hjerter
· Gode kontaktar
· Husrom
· Leik og moro
· Ting og tang

Kvifor er det lurt av næringslivet å vera med på Frivilligbørs?
· De blir synlege og får visa fram kva de har og kan
· De får møta spennande menneske med andre perspektiv
· De kan bygga nettverk og skapa nye relasjonar for utvikling og læring
· De kan kombinera samfunnsnyttig innsats med personalutvikling og teambuilding
· De får støtta opp om det frivillige engasjementet, og de kan bidra til å gjera lokalsamfunnet vårt endå betre

Kvifor er det lurt av frivillige organisasjonar å vera med på Frivilligbørs?
· De får visa kven de er og kva de brenn for
· De kan finna nye samarbeidspartnarar og ressursar som kan hjelpa til å gjennomføra aktivitetar og arrangement
· De kan la andre få sjå kva ressursar de har
· De kan nå ut til nye aktuelle medlemmar, deltakarar og frivillige
· De kan bygga nyttige nettverk og læra noko nytt

Kvifor er det lurt av offentlege verksemder å vera med på Frivilligbørs?
· De kan finna ressursar som kan hjelpa di verksemd til å fungera endå betre
· De får møta interessante folk og kan bygga nye nettverk med engasjerte organisasjonar og bedrifter
· De bidrar til eit betre samspel og meir samarbeid på tvers i Klepp
· De kan la nye samarbeid bidra til læring og utvikling i eiga verksemd
· De kan vera støttespelarar for det frivillige engasjement som er så viktig i gode lokalsamfunn

Eksempel på avtalar
· Eit korps får låna øvingslokale hos eit lokalt firma mot at korpset spelar på eit bedriftsarrangement.
· Eit rekneskapsfirma tilbyr kurs med økonomisk opplæring til ein sosial entreprenør mot at dei organiserer opplegg for teambuilding.
· Eit ungdomslag får nattevakter til ein leir mot at dei ryddar uteområdet hos eit firma.
· Ei hobbygruppe får gratis material frå eit byggefirma mot at dei stiller som sjåførar/serveringspersonale på ein firmatur.
· Ein privatperson melder seg som frivillig for ein organisasjon.

Frivilligbørsen blir arrangert av: Klepp Frivilligsentral, Klepp kommune, Ungdomsrådet,  Idrettsrådet og Klepp Næringsforening,  

Lyst på meir info? Sjekk ut sida frivilligbors.no

Påmelding er stengt
2024 © Klepp frivilligsentral