Onsdag 14 April 2021
Kl. 09:00 - 12:15, Whereby, internett
Webinar - saman på nett
Vil du høyre om korleis frivilligsentralane og biblioteka i Klepp og Kvam i 2020 og 2021 har samarbeid om digitale aktivitetar? Bli med på webinar då vel!

Tilskot frå Gjensidigestiftinga har gjort det mogleg for oss å teste ut og gjennomføre ulike digitale aktivitetar det siste året. No inviterer me til webinar for å dele erfaringar og kanskje inspirere andre til å ta denne type plattform i bruk. I tillegg til presentasjon av prosjektet "Saman på nett" møter du Veronica Salinas som har lang erfaring med møteleiing og språktrening via digitale medier. 

Prosjektet vart initiert som eit tiltak under nedstenginga våren 2020. Sjølv om me no håpar og trur at me skal komme i gang med fysiske møter snart, har me erfart at digital møteplasser gjer nye moglegheiter for personar og målgruppar som er mindre mobile uavhenging av smittesituasjon. Digitale møteplasser er komt for å bli, og me delar gjerne våre erfaringar med dykk.

Lenkje til digitalt møterom vert sendt på epost til påmeldte deltakarar i god tid før webinaret. Det er sjølvsagt mogleg å få teknisk support i forkant om ein er usikker på korleis dette fungerar. Informasjon om det vert sendt ut saman med lenkje.

PROGRAM kl 9 - 12
Dagens konferansier er biblioteksjef i Klepp Aud Jorunn Haugen Hakestad

Presentasjon av prosjekt «Saman på nett»
Tanken bak prosjektet | Ann Kristin Hatletvedt og Sidsel Haugen
Aktivitet i Klepp; Gode og mindre gode erfaring | Ann Kristin Hatletvedt  og Aud Jorunn Harkestad
Aktivitet i Kvam; Gode og mindre gode erfaring | Ragna Helene Soldal og Sidsel Haugen

  • Interaktivitet i praksis
    Frå Håvamål til rosemalte selfies med Randi Jåstad og Ragna Helen Soldal
    Quiz med Helena Rykkje
    Mindfullness med Antoinette Ueland
  • Brukarperspektiv: Korleis synes frivillig og deltakarar det er å bruke Whereby
  • Presentasjon av veiledaren
  • Presentasjon av Klepp sitt prosjekt "Verdensrommet"  med Bengt Sjøthun Ellingsen
    og Kvam sitt prosjekt "Fellesskap for framtida" med Sidsel Haugen
  • Kurs med Veronica Salinas kl 11-12
    Tema: Møteleiing på nett
  • Trekking av vinnarar av quiz
    Oppsummering og takk for i dag

Det er avgrensa tal plassar, så første-mann-til-mølla prinsippet gjeld. Webinaret er gratis. Om smittevernråda tilet det, oppmodar me deltakarane til å samlast i mindre grupper og følge webinaret saman. Ein kan t.d. kople PC'en til storskjerm.

Er det noko du lurar på? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss.

Velkomen!

Helsing
Ann Kristin Hatletvedt | Klepp Frivilligsentral | 900 87 472
Aud Jorunn Haugen Hakestad | Klepp Bibliotek | 977 31 254
Ragna Helene Soldal | Kvam Bibliotek | 920 81 202
Sidsel Haugen | Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam | 901 22 688

Prosjektet er støtta av Gjensidigestiftinga

Påmelding

Det er satt begrensning på 48 plasser.

meld deg på her

2024 © Klepp frivilligsentral