Tirsdag 3 November
Kl. 13:30 - 14:30, Plogen Kulturhus, Solavegen 1
Vil du vere med på oppstarten av det nye hjartet i Klepp sentrum?
Vi søker Frivillig-vertar til Plogen kulturhus! Den 21. november opnar nye Plogen kulturhus, rådhuset og kyrkja i Klepp sentrum. I denne spennande etableringsfasen søkjer vi frivillige vertar som kan ta imot besøkjande og bidra til gode opplevingar for alle som kjem inn dørene. Vi treng deg som møter folk med eit smil, likar å hjelpe andre og ønskjer å vere med på å skape ein inkluderande møteplass for heile kommunen. Plogen samlar kultursal, bibliotek, kafé, frivilligsentral, ungdomsklubb, kulturskule og rådhusfunksjonar under eitt tak. Her skal det vere rom for fellesskap, aktivitetar, kultur og nye møte mellom menneske. Plogen kulturhus er hjartet i Klepp. Vårt slagord er: Meir enn du kom for.

Som frivillig vert bidreg du til at alle kjenner seg velkomne, inkluderte og trygge. Du er med på å skape stoltheit, tilhøyrsle og gode opplevingar for innbyggjarane våre.

Vertskap og informasjon

  • Ta imot besøkjande med ei vennleg og serviceinnstilt haldning
  • Hjelpe besøkande med å finne fram i huset
  • Informere om dei ulike tilboda i Plogen
  • Hjelpe til med bruk av den digitale kommuneverten
  • Vise veg til tilsette og ulike tenester

Arrangement og aktivitetar

  • Sjekke billettar ved arrangement
  • Vere publikumsvert
  • Selje billettar
  • Hjelpe til med enkel servering
  • Klargjere og rigge til arrangement
  • Vere vertskap for artistar og gjester
  • Bistå med transport og annan praktisk logistikk ved behov

Dette får du som frivillig

  • Opplæring og felles lunsj frå Frænd kafé
  • God kjennskap til Plogen kulturhus og alle tilboda i huset
  • Moglegheit til å delta på spennande arrangement
  • Gåve frå Plogen kulturhus
  • Invitasjon til frivilligarrangement
  • Nye bekjentskap og kjekke opplevingar
  • Høve til å vere med på oppstarten av noko heilt nytt og spennande i Klepp sentrum

Vi håpar du blir med!

Saman skal vi skape ein varm, inkluderande og levande møteplass for alle som kjem til Plogen. Bli med på laget og ver med på å gi besøkande opplevinga av å få meir enn dei kom for. 

Bli blant dei aller første som får oppleve Plogen! Som frivillig vert får du høve til å kome inn i huset før alle andre og bli kjend med dei mange moglegheitene som finst her. Vi inviterer til informasjonsmøte tysdag 3. november kl. 13.30, med presentasjon av oppdraget, omvising og enkel servering. Vi håpar å sjå deg der! 

Påmelding

Det er satt begrensning på 100 plasser.

Send
2026 © Klepp frivilligsentral