Samarbeid mellom Jæren Friluftsråd, Delfinen svømmeskole og Klepp Frivilligsentral
Jærstrendene er det mest populære utfartsmålet på Jæren. Folk i alle aldrar trekker til strendene for rekreasjon og avslapping. Sjølv om badetemperaturen ikkje alltid er så forlokkande er det likevel mange som likar å bada i havet. Dette kan dessverre også utgjera ein stor fare. Straumar i vatnet kan føra til drukningar eller nestendrukningar, noko me ønsker å arbeida med å forhindra.
Me ønsker å gje kunnskap om korleis ein kan lesa bølgjene og straumane og vera obs på dette før ein går uti vatnet. Barn og vaksne skal også vera svært aktive i læringa. Dei skal ha på våtdrakter og bada med veiledning frå instruktørar frå Delfinen svømmeskole.
Delfinen står også for undervisninga i prosjektet. Kunnskap om det fantastiske havet, om livet i havet og at dette livet også er skjørt og trua av menneskeleg aktivitet er noko me vil formidla vidare. Me tek med miljøaspektet i undervisninga og styrker element i undervisninga som tek føre seg det miljøbevisste menneske som kan bruka havet og naturen på Jæren på ein bærekraftig måte.
Friluftshuset på Orre ligg i bakdyneområdet ved Orrestranda som er ei av dei mest populære strendene på Jæren. Me ønsker å bruka Friluftshuset som base for prosjektet. Her har me eit godt lokale for undervisning, varmestove/kafè, våtmarksutstilling, mulighet for å spyla og lagra våtdrakter og toalettfasilitetar.
Klepp Frivilligsentral tek seg av påmelding og skyss av barn til Trygg i havet- dagane. Dei har også med seg frivillige og ungdomsarbeidarar som hjelper med våtdraktene, mat og aktiviteter.
Plan for gjennomføring i 2023:
21. juni 17.30-20.30, Kurskveld for innvandrerkvinner
29. juni kl 10-13: Kursdag for barnefamilier.
På begge desse to datoane startar me inne i hovedsalen på Friluftshuset med 1 time teorikurs felles for alle. Etterpå deler med i grupper der ei gruppe er i havet og ei gruppe har mat/grilling/aktiviteter/leik og byter grupper etter halvgått tid.